Wiki
Home Article
Home Article

Henry Williams

Norsk (Nynorsk) Wiki

  • Språk

Henry Williams (fødd 11. februar 1792 i Gosport i England, død 16. juli 1867 i Pakaraka i Bay of Islands på New Zealand) var ein av dei første misjonærane som reiste til New Zealand i den første halvdelen av det 19. hundreåret. Han vart kalla «sjøkrigaren».

Henry Williams
HenryWilliams, missionary (1792-1867).jpg
Fødd 11. februar 1792
Gosport
Død

16. juli 1867 (75 år)
Pakaraka

Yrke misjonær, oppdagar
Henry Williams på Commons

Innhaldsliste

  • 1 Bakgrunn
  • 2 Foreldre og søsken
  • 3 1806–1815: Åra i marinen
  • 4 Giftarmål og born
  • 5 Misjonsverksemd
    • 5.1 Paihia
    • 5.2 Verksemd på Nordøya
  • 6 Waitangitraktaten
  • 7 Avskil frå tenesta og rehabilitering
  • 8 Kjelder
  • 9 Fotnotar
  • 10 Litteratur
  • 11 Bakgrunnsstoff

Bakgrunn

Williams gjekk inn i marinen 14 år gammal og tenestegjorde i Napoleonskrigane. Han reiste til New Zealand i 1823 som misjonær. Māorinamnet hans var Te Wiremu Karuwha («Fireauge-Williams», Henry hadde briller). Den yngre bror hans, William Williams, var også misjonær på New Zealand.. Sjølv om Henry Williams ikkje var den første misjonæren på New Zealand – misjonærane Thomas Kendall, John Gare Butler, John King og William Hall hadde kome dit før han – var han den første «som lukkast med misjonsverksemd, delvis fordi dei andre hadde opna opp vegen for han, men mest fordi han var den einaste som var djerv nok, einvis nok og sterk nok til å halda ut, utan tanke på kva for farar han utsette seg for, eller kva fiendar han fekk».

Henry Williams omsette Waitangitraktaten til maori ved hjelp av sonen sin, Edward (1840).

I 1844 vart han innsett som erkediakon (i den anglikanske kyrkja ein stilling direkte underlagt biskopen) i Waimate..

Foreldre og søsken

Henry var son til Thomas Williams og Mary Marsh frå Gosport, dei gifta seg i 1783.

Thomas Williams forsynte den engelske marinen med uniformer. I 1796 flytta Thomas og Mary med dei seks born sine til Nottingham, som på den tid var det blømande sentrum for den industrielle revolusjonen i East Midlands. Thomas investerte i ein maskin som laga kniplingar. Familien gjorde det godt. I 1802-03 var Thomas ein av dei to kammerherrane i byen, og i 1803–04 var han ein av dei to bydommarane. I 1804 døydde han av tyfus i ein alder av 50, og etterlet seg Mary med fem søner og tre døtrer å ta seg av.

Thomas og Mary Williams hadde ni born, seks (medrekna Henry) som var fødde i Gosport, og tre (medrekna William) i Nottingham:

  • Mary (fødd i Gosport i England 2. mars 1784, død same stad 19. april 1786)
  • Thomas Sydney (fødd i Gosport 11. februar 1786, død i Altona ved Hamburg i Tyskland, 12. februar 1869)
  • Lydia (fødd i Gosport 17. januar 1788, død 13. desember 1859), gifta seg 7. juli 1813 med Edward Garrard Marsh (fødd 8. februar 1783, død 20. september 1862)
  • John (fødd i Gosport 22. mars 1789, død på New Zealand 9. mars 1855)
  • Henry
  • Joseph William (fødd i Gosport 27. oktober 1793, død same stad i august 1799)
  • Mary Rebecca (fødd i Nottingham i England 3. juni 1795, død i Betlehem i Palestina 17. desember 1858)
  • Catherine (fødd i Nottingham 28. juli 1797, død i Southwell i Nottinghamshire i England 11. juli 1881)
  • William (fødd i Nottingham 18. juli 1800, død i Napier på New Zealand 9. februar 1878)

Thomas Williams døydde då Henry var elleve år gammal. William var berre tre år då.

1806–1815: Åra i marinen

I 1806, då han var 14 år gammal, gjekk Henry inn i marinen som kadett. Han gjorde teneste på ulike skip og under fleire orlogskapteinar, og deltok i slaget om København i 1807 då den danske flåten vart teken. Ombord på «Galatea» deltok han i trefninga utanfor Toamasina (Tamatave) i 1811, mellom tre engelske fregattar under kommando av kaptein Schomberg, og tre franske skip med overlegen styrke. Williams vart såra, og kom seg aldri heilt etter skadane. Han fekk ein krigsmedalje for innsatsen sin.

Mellom dei seinare tildragingane han deltok i, slost han ombord på «Endymion» i aksjonen mot det amerikanske krigsskipet «President». Då det sistnemnde vart tvinga til å overgje seg, var Williams medlem av eit lite prisemannskap som segla det sterkt skada skipet til hamn, etter å ha kjempa mot ein storm og slått ned eit mytteri blant dei amerikanske fangane.

I 1815, då freden kom, forlet han flåten med halv løytnantsløn. I ein alder av 23 hadde han vore «i Nordsjøen og Austersjøen, langs dei franske og spanske kystane, sør til Kapp Horn, opp austkysten til Madagaskar, over Indiahavet til Mauritius, og nord til kysten av India. Etter å ha tenestegjort i Madras og Calcutta, avslutta han engasjementet sitt i flåten på oppdrag i amerikanske farvatn på skipet «Endymion».

Giftarmål og born

Henry gifta seg den 20. januar 1818 med Marianne Coldham (fødd 12. desember 1793 i Yorkshire i England, død 16. desember 1879 i Pakaraka på New Zealand. Dei fekk elleve born.:

  • Edward Marsh (fødd 2. november 1818, død 11. oktober 1909)
  • Marianne (fødd 28. april 1820, død 25. november 1919)
  • Samuel (fødd 17. januar 1822, død 14. mars 1907). Han gifte seg med Mary Williams, dotter til William og Jane Williams.
  • Henry (fødd 10. november 1823, død 6. desember 1907) Henry gifta seg med Jane Elizabeth Williams (også ei dotter til William og Jane).
  • Thomas Coldham (fødd 18. juli 1825 19. mai 1912)
  • John William (fødd 6. april 1827, død 27. april 1904)
  • Sarah (fødd 26. februar 1829, død 5. april 1866)
  • Catherine (Kate) (fødd 24. februar 1831, død 8. januar 1902)
  • Caroline Elizabeth (fødd 13. november 1832, død 20. januar 1916)
  • Lydia Jane (fødd 2. desember 1834, død 28. november 1891)
  • Joseph Marsden (fødd 5. mars 1837, død 30. mars 1892)

Misjonsverksemd

Edward Garrard Marsh, mannen til søstera til Henry, Lydia, kom til å spela ei viktig rolle i livet hans. Marsh var medlem av Church Missionary Society (CMS). Henry fekk ei bok av han, The Missionary Register, som handla om arbeidet til misjonærar i fjerne land. Henry fekk spesielt interesse for New Zealand og det innfødde māorifolket der. Henry tilbaud tenestene sine til CMS først i 1819. Han vart først motteken som lekmann, men vart ordinert seinare.

Henry studerte kirurgi og medisin og lærte seg om båtbygging. I to år heldt han på med teologiske studiar for å verta kvalifisert til Holy Orders (ordinering), og vart ordinert som diakon i (den anglikanske) Church of England den 2. juni 1822 av biskopen av London, og som prest den 16. juni 1822, av biskopen av Lincoln.

Den 17. september segla Henry og Marianne og dei tre borna til Sydney i Australia på fangeskipet «Lord Sidmouth». I februar 1823 møttest Henry og presten Samuel Marsden i Hobarton, for første gong. Seinare møttest dei i Sydney. I juli 1823 sette dei segl for New Zealand, der Henry slo lag med Marsden på hans fjerde reise til New Zealand, om bord på «Brampton».

Paihia

I 1823 nådde han fram til Bay of Islands og busette seg ved Paihia. Paihia låg nær Kororareka (dagens Russell), på den tida kalla «helveteshola i Sør-Stillehavet», ein busetnad med svært dårleg rykte, og som vart oppsøkt av mange kvalfangarar i den delen av Stillehavet.

Misjonærgruppa, som vart plassert her av presten Samuel Marsden, var samansett av svært ulike personar:

  • John King, som var komen dit i 1814. Han var skomakar av yrke, og tilsett som kateket, underviste maoriar i Rangihoua, som låg i nærleiken.
  • James Shepherd, som var plassert i Rangihoua i 1820. Han var ein dugande gartnar som lærde maoriane å dyrka grønsaker og frukt, og å planta tre. Han reiste for det meste kring til dei ulike stammane og underviste dei i den kristne religionen, fordi han skjøna māorispråket betre enn dei andre misjonærane på den tida.
  • James Kemp, kom fram 12. august 1819. Grovsmed som underviste dei innfødde ved Kerikeri.
  • George Clarke, var på staden frå april 1824. Enno ein smed i Kerikeri.
  • William Puckey, tømmermann som var komen fram i 1819.
  • William Fairburn, også tømmermann.
  • Charles David, tømmermann.
  • Richard Davis, bonde, kom hit i mai 1824. Han underviste dei innfødde ved Kawakawa.
  • James Hamlin, som kom i 1826 med William og Jane, tilverka Phormium til tekstil og var vevar.
  • William Spikeman var gjetar
Vassfargebilete måla av Henry Williams av misjonsstasjonen i Paihia

Henry vart snart leiaren på misjonsstasjonen. Han hadde ei anna tilnærming til misjonærarbeidet enn Marsden. Framgangsmåten til Marsden hadde vore å undervisa i nyttige gjeremål som ei førebuing til evangeliseringa. Denne tilnærminga hadde liten suksess. Dessutan hadde ein – for å kunna byta til seg tilstrekkeleg med mat – gjeve etter for presset om å byta med muskettar, den delen av bytehandelen som māoriane viste størst interesse for. Henry konsentrerte seg om å frelsa sjeler. Williams stogga handelen med muskettar. Det førte med seg at misjonsstasjonen ikkje kunne byta til seg mat, og at maoriane vart harme over å verta nekta muskettane. Men snart kunne misjonærane dyrka nok mat til seg sjølve. Māoriane fann etter kvart ut at forbodet mot handel med muskettar var den einaste måten å få ein ende på stammekrigane, men det tok si tid. I førstninga var det fleire alvorlege konfliktar og konfrontasjonar med dei innfødde. Ei av dei mest alvorlege hendingane var konfrontasjonen med Tohitapu i februar 1824.

I 1826 vart skonnerten «Herald» bygd på stranda ved Paihia. Henry fekk hjelp av Gilbert Mair. Med dette skipet vart Henry betre i stand til å føra tilsyn med misjonsstasjonane og til å vitja meir fjerntliggjande område på New Zealand. Båten forliste i 1828 under innsegling til Hokianga Harbour. Ein av dei første turane med «Herald» tok Henry til Port Jackson i Australia. Her møtte han den yngre bror sin, William Williams og Jane, kona hans. William, som hadde studert til kirurg, bestemte seg for å verta misjonær på New Zealand som broren. Dei segla til Paihia ombord på «Sir George Osborne», det same skipet som hadde bringa William og Jane frå England. William hadde eit talent for å læra māorispråket, og byrja snart å omsetja Bibelen til maori.

Henry Williams hadde ein sterk personlegdom, og dette bidrog til hans veksande mana (autoritet) mellom maoriane. «Sjølv om hans evne til å skjøna den innfødde kulturen vart sterkt hemma av den evangeliske kristendommen hans, var staheita hans på fleire måtar ein føremon i arbeidet mellom māoriane. Frå den første dagen ha kom fram, nekta han å la seg skremma av trugsmål og høgrøysta framferd frå dei».

I 1827 kom det til nye trefningar mellom maoristammar. Hongi Hika, ein høvding i iwien Ngā Puhi, medverka sterkt i desse. Han vart såra, og døydde fleire månadar seinare. Henry arbeidde aktivt for å få til ei fredeleg løysing på det som trua med å verta ein blodig krig. I tillegg til dette kom om morgonen den 5. januar briggen «Wellington», eit fangeskip, frå Sydney, på veg til Norfolk Island. Fangane hadde gjort oppreist og teke kapteinen, mannskapet og passasjerane til fange. Henry overtala kapteinane på to kvalfangsskip som låg i hamna å ta «Wellington» attende. Førti fangar kom seg unna.

I 1827 vart seks kapittel av den første Bibelen på maori gjevne ut..

I 1830 var der ei trefning i Kororareka, stundom omtala som Girls War, som førte til at leiaren i Ngā Puhi, Hengi, vart drepen. Henry prøvde å få i stand fred. Tohitapu samarbeida den gongen. Då den høgt respekterte presten og misjonæren Samuel Marsden kom til staden, såg det ut som om det rådde fred. Men Hengi sine søner, Mango og Kahaka, var ikkje nøgde med stoda. I mars 1831 og mars 1832 fann det stad nye kampar. Henry freista å få i stand fred på nytt, men majoriteten av Ngā Puhi heldt fram med offensiven. Då Henry segla attende til Paihia, kom han ut for ein rasande storm. Henry overtok kommandoen over skipet frå kapteinen og redda det.

Den 7. februar 1830 vart ein høvding i iwien Ngā Puhi, Rawiri Taiwhanga (1818–1874), døypt som kristen. Han var den første høgtståande maorien som vart omvend til kristendommen. Dette var ei stor oppmuntring for misjonsarbeidet til CMS, etter som han vart følgd av fleire andre.

I 1833 medverka Henry i forhandlingar om å frigje ein del slavar som var tekne av Ngā Puhi, dei fleste av desse høyrde til Ngāti Porou frå austkysten.

«Frå 1830 til 1840 styrte Henry Williams misjonsverksemda med ei vennleg, men fast hand.(...) Og då dei første nybyggjarane frå New Zealand Company gjekk i land ved Wellington i 1839, gjorde Williams det han kunne for å avvisa dei, fordi han ottast at dei ville overta landet, ved å ta det frå māoriane, og læra dei gudlause vanar.»

Verksemd på Nordøya

Henry Williams spela ei leiande rolle i å utvida misjonsverksemdene sørover. «Han gjorde fleire reiser til andre delar av Nordøya for å sjå på mogelege utvidingar av misjonsverksemda, og han tilrettela oppbygginga av nye misjonsstasjonar. Han sende ut misjonærar for å arbeida fleire stadar i Waikato i 1830-åra. Broren William flytta til Turanga i Poverty Bay på slutten av tiåret, og det vart starta misjonsverksemd så langt sør som Otaki».

Waitangitraktaten

Henry Williams spela ei viktig rolle i utforminga av Waitangitraktaten i 1840. Saman med sonen sin omsette han det engelske traktatutkastet til maori.

I omsetjinga nytta han ein dialekt som vart kalla «misjonærmaori», som ikkje var det tradisjonelle maorispråket, men som hadde vorte «konstruert» av misjonærane. Maoriane var derfor forvirra over noko av ordbruken. Eit døme på dette i traktaten er nemninga kawanatanga (overherredøme), eit låneord som ein trur Williams har omskrive frå engelsk. Ordet viste seg i maorispråket for første gong i traktaten, og somme meiner enno at dette ordet var eit ueigna val.

Henry Williams var òg involvert i å forklara traktaten for maorileiarar, først under møta med William Hobson i Waitangi, men også seinare då han reiste omkring for å overtala andre maorileiarar til å underteikna traktaten.

Hans medverknad i desse drøftingane førte han «inn i ei stadig aukande ukomfortabel rolle som meklar mellom to rasar».

Avskil frå tenesta og rehabilitering

I 1844 utnemnde den første anglikanske biskopen på New Zealand, George Augustus Selwyn, Williams til erkediakon av Waimate.

I 1845 kom George Grey til New Zealand som guvernør. Han møtte alvorlege oppstandar i nord. I løpet av 1830-åra hadde Henry Williams kjøpt vidstrekte landområde for å skaffa tryggleik for den veksande familien sin. Grey skulda han no for å vera landspekulant, og – med urette – at mykje av vanskane i nord kom av landeigedomane til misjonærane i CMS. Biskop Selwyn tok parti med Grey, og i 1849 vedtok CMS å gje Henry avskil frå tenesta..

Henry flytta til Pakaraka. Her dyrka borna hans det landet som var årsaka til vanskane hans. Han heldt likevel fram med misjonsarbeidet sitt og heldt gudstenester. I 1854 vart han sett inn att i CMS.

Kjelder

  • Denne artikkelen bygger på «Henry Williams (missionary)» frå Wikipedia på engelsk, den 15. mai 2011.

Fotnotar

Litteratur

  • Carleton, Hugh (1874) – The life of Henry Williams, Archdeacon of Waimate. Auckland NZ. Online available frå Early New Zealand Books (ENZB).
  • Crosby, Ron (2004) – Gilbert Mair, Te Kooti's Nemesis. Reed Publ. Auckland NZ. ISBN 0790009692
  • Evans, Rex D. (compiler) (1992) – Faith and farming Te huarahi ki te ora; The Legacy of Henry Williams and William Williams. Published by Evagean Publishing, 266 Shaw Road, Titirangi, Auckland NZ. ISBN 0908951167 (soft cover), ISBN 0908951175 (hard cover), ISBN 0908951183 (leather bound)
  • Fitzgerald, Caroline (2004) - "Letters from the Bay of Islands". Sutton Publishing Limited, United Kingdom; ISBN 0750936967 (Hardcover). Penguin Books, New Zealand, (Paperback) ISBN 0143019295
  • Gillies, Iain and John (1998) – East Coast Pioneers. A Williams Family Portrait; A Legacy of Land, Love and Partnership. Utgjeven av The Gisborne Herald Co. Ltd, Gladstone Road, Gisborne NZ. ISBN 0473051184
  • Mitcalfe, Barry (1963) – Nine New Zealanders. Christchurch NZ. Kapittelet: 'Angry peacemaker: Henry Williams – A missionary's courage wins Maori converts' (p. 32 - 36)
  • Fisher, Robin – Williams, Henry 1792 - 1867 i Dictionary of New Zealand Biography (DNZB), oppdatert 22. juni 2007
  • Williams, William (1867) - Christianity among the New Zealanders. London. Onlineversjon frå ENZB.

Bakgrunnsstoff

  • Henry Williams kopi av Waitangitraktaten på New Zealand History online.
  • The Early Journals of Henry Williams; Senior Missionary in New Zealand of the Church Missionary Society (1826–40). Redigert av Lawrence M. Rogers. Pegasus Press, Christchurch 1961, i NZETC
  • Nokre skisser teikna av Henry Williams i NZETC
  • The Character of Henry Williams - omtale ved Hugh Carleton (1874) – The Life of Henry Williams

Tags

Wiki Portals Wiki Events Portal Biography Lists of celebrities Lists of 2023 films Wiki Featured Articles Top 1000 Archives Wiki Contents

Related topics

  • powerlisting.wikia.com
    Hier sollte eine Beschreibung angezeigt werden, diese Seite lässt dies jedoch nicht zu.
  • View Details ›
  • Special Distributions | Bernoulli Distribution | Geometric …
    There is a random experiment behind each of these distributions. Since these random experiments model a lot of real life phenomenon, these special distributions are used frequently in different applications. That's why they have been given a name and we devote a section to study them.
  • See More ›
  • Special Random Dance For You (SpecialRD4u) - YouTube
    Hey~ We are Special Random Dance For You (SpecialRD4u). We started back in 2018 with just two people and now we're expanding, not just in participants who are willing to dance with us at our ...
  • Get More Info Here ›
  • Special Random Variables - Chapter 5 SPECIAL RANDOM …
    Special Random Variables University University of Nueva Caceres Course BS Civil Engineering Academic year:2022/2023 Helpful? 00 Comments Please sign inor registerto post comments. Students also viewed Other Discrete Distri Variance and Co VAriance Normal Distribution Random Variable Problems
  • Read On ›
  • Random Pics van de Dag #891 / Specials | FOK.nl
     · 4807:37 Random Pics van de Dag #891. 006:39 FOK! Wat een weer: regenachtig. 8923:14 Random Pics van de Dag #890. 5921:38 Steeds meer bedrijven produceren vleesvervangers. 120:31 Snowboardster ...
  • See More ›
  • Special random boxes not spawning? : r/idleslayer - Reddit
     · the spawn of special random boxes is random, theres no bug, going 2 hours without them is just bad luck. Fit_Cake_9105 • 1 mo. ago Look at the top of your screen above the money there should be 2 yellow buttons push the one on the right side That-Communication48 • 1 mo. ago That gave me silver random boxes but im looking …
  • Get More Info Here ›
  • Digital Monster X Guide - How to GET SPECIAL RANDOM …
    (Timestamps are here to save you time)Sharing my own experience trying to get the Special Random Encounter Boss while I was raising Digimon on the Digital Mo...
  • Read The Full Story ›
  • Special Rounds | Evade Wiki | Fandom
    Special Rounds. Edit. Every third round, a special round will occur in Evade where special rules are put into play. These will alter gameplay for players or change how dangerous your enemies can be. Angry Munci: Hide. Double ble: Double the nextbots, Double the fun. Lurking: They are Lurking in the darkness.... Imposter : gives someone a riffle.
  • Explore More ›
  • Special Text Generator (𝖈𝖔𝖕𝖞 𝕒𝕟𝕕 𝓅𝒶𝓈𝓉𝑒) ― LingoJam
    This page lets you generate special text symbols and all sorts of cool fancy text characters by simply typing your normal text in the first box, and then all the special text fonts will be output in the second box. You can copy and paste the special text into your Instagram bio, and to other places that support Unicode characters.
  • Find Out More ›
  • Username Generator: Millions of Random Ideas | NordPass
    Generate random usernames Try our instant username generator to create unique and secure usernames, gamer tags or handles for your social media accounts. Click on the icon to instantly check their availability on YouTube, Reddit, Pinterest, Vimeo, Twitch, Steam, Minecraft and Fortnite.
  • Explore More ›
  • SPECIAL | Fallout Wiki | Fandom
    SPECIAL is the ruleset that powers all Fallout games. The name "SPECIAL" is an acronym standing for the primary statistics in the system: Strength, Perception, Endurance, Charisma, Intelligence, Agility and Luck. Characters in SPECIAL are defined through: Primary statistics Derived statistics...
  • Find Out More ›
  • Random Pics van de Dag #889 / Specials | FOK.nl
     · 45 19/03 Random Pics van de Dag #888 0 19/03 Biatleten Bø en Öberg sluiten World Cup-seizoen winnend af in Noorse mist 0 19/03 Zweedse langlaufers winnen mooie estafette, Klæbo en Sundling ...
  • Read The Full Story ›
  • ORACLE-BASE - DBMS_RANDOM : Generating Random Data …
    DBMS_RANDOM : Generating Random Data (Numbers, Strings and Dates) in Oracle. The DBMS_RANDOM package provides an API for the pseudo-random number generator. SEED; VALUE; STRING; NORMAL; RANDOM; Generating Random Dates; Generating Random Data; Large Volumes of Data; Related articles. DBMS_RANDOM : Generating …
  • Keep Reading ›
  • random power button | Fandom
     · Check here for random superpower generator: Random Superpower Generator (edited by Randompower132) 0. NullBones · 8/2/2019 (edited by NullBones) 0. NullBones · 8/2/2019. Whoops wrong place (edited by NullBones) 0. Montu745 · 9/27/2019. Oh yes, here is your lenny face along with some superpower's faces also. It contains …
  • Discover More ›
  • Random Box | Idle Slayer Wiki | Fandom
    Random Boxes can be unlocked for 100 Coins and spawn every 38-120 seconds. Hitting them from the bottom will trigger a Random Event. Random Boxes will not spawn while a menu is open on mobile in portrait mode. The exact chance of getting a specific Event depends on multiple factors including Upgrades, Ascension Upgrades and Divinities.
  • Read On ›
  • RANDOM.ORG - Password Generator
    Random Password Generator. This form allows you to generate random passwords. The randomness comes from atmospheric noise, which for many purposes is better than the pseudo-random number algorithms typically used in computer programs. The passwords generated by this form are transmitted to your browser securely (via SSL ) and are not …
  • Explore More ›

⚠️ Disclaimer: Content from Wiki English language website. Text is available under the Creative Commons Attribution-Share Alike License; additional terms may apply.
Wiki does not encourage the violation of any laws, and cannot be responsible for any violations of such laws, should you link to this domain, or use, reproduce, or republish the information contained herein.

Notices:
  • - A few of these subjects are frequently censored by educational, governmental, corporate, parental and other filtering schemes.
  • - Some articles may contain names, images, artworks or descriptions of events that some cultures restrict access to
  • - Please note: Wiki does not give you opinion about the law, or advice about medical. If you need specific advice (for example, medical, legal, financial or risk management), please seek a professional who is licensed or knowledgeable in that area.
  • - Readers should not judge the importance of topics based on their coverage on Wiki, nor think a topic is important just because it is the subject of a Wiki article.
Navigation
  • Home
  • Article
  • Privacy Policy
Discover
  • Terms And Conditions
  • Cookie Agreement
  • Contacts
Contact Us
  • dinhthienvan2@gmail.com
  • About Us
  • Disclaimer
Wiki

Wiki is a multilingual free online encyclopedia, a website that shares knowledge and insights useful to everyone in many fields.

© 2023 Wiki. All Rights Reserved.

​
We notice you're using an ad blocker

Without advertising income, we can't keep making this site awesome for you.